Afrikakveld på Kyrkjetunet

Publisert 20.11.2017 av Ove Eidsheim

Kyrkjetunet har dei siste åra fått vera med på å finansiera deler av ein barneheim i Kenya. Denne barneheimen har gjeve ein trygg oppvekst til mange foreldrelause barn. Vidare har desse barna fått gå på skule – noko som ikkje hadde vore muleg utan opphaldet på barneheimen. Kyrkjetunet si støtte til barneheimen har vorte gjort i samarbeid med NSP Aid (North-South Partnership Aid) og Gunnar Hamnøy. NSP Aid er ein humanitær knoppskyting av eit norsk investeringsselskap som arbeidar for å skapa eit levedyktig næringsliv i fleire afrikanske land. Dei støttar fleire prosjekt i slummen i Nairobi og organiserer ei omfattande fadderordning for barn og unge fleire stadar i Kenya og Etiopia.

Fredag 24. november får Kyrkjetunet besøk av Gunnar Hamnøy og gjester frå Kenya. Dei vil fortelja om arbeidet som er gjort, men vil og invitera til ein økonomisk dugnad for å gjera meir for barna som veks opp under svært vanskelege forhold. Det er planar om å byggja ein ny barnelandsby for foreldrelause barn frå storbyslummen i Kenya. Landsbyen har vore planlagt i fleire år, og med støtte frå fleire gjevarar er ein klar til å setje spaden i jorda.

«Det er fortvilande å sjå den situasjonen barna lever under i slummen i Nairobi. Dersom me får den støtta me håpar på, kan landsbyen bli fylt med fleire hundre barn som skal få ein trygg heim og eigen skule», seier leiaren for NSP Aid, Gunnar Hamnøy.

Norsk-Kenyansk samarbeid

NSP Aid samarbeidar med den lokale organisasjonen Malalaika Childcare Villages om barnelandsbyen. Barnelandsbyen som vert planlagd ved Voi i Kenya, er blitt til som ved eit under, kan Hamnøy fortelja. Lokale bønder har gitt bort eit 400 mål stort område ved hovudvegen mellom Nairobi og Mumbasa til formålet. Landsbyen skal byggjast bak solide gjerde til vern mot løver og elefantar. Ei gruppe kristne amerikanske ingeniører og arkitekter har regulert området gratis og teikna bustadhus, klasserom, ei kyrkje, drivhus og andre næringsbygg. Meininga er at landsbyen skal produsera sin eigen mat.  Amerikanarane har også ein ide om å byggje eit oppdrettsanlegg der. Det er etablert ein nasjonal organisasjon som skal vera ansvarleg for det som skal føregå på eigedommen.

Inviterar til økonomisk dugnad.

Det skal i første omgang byggjast to tun, kvart med ni einebustadar. I kvart hus vil det vera plass til ein «familie» med åtte barn og ei fostermor, fortel Hamnøy. Kvart hus vil koste rundt 250.000 kroner. Hamnøy fortel begeistra at eit par folkehøgskuler har tatt på seg å finansiera ein bustad, men det er behov for fleire støttespelarar.

«Landsbyen vil veksa etter kvart som me har gjevarar som vil vera med å byggja trygge heimar for dei svakaste av dei svake», seier Gunnar Hamnøy, som også håpar på at fleire vil vera faddrar for barna.

Kjem til Ølen.

«Me treng økonomisk støtte til infrastruktur og hus», seier Gunnar Hamnøy, som i disse dager besøkjer 20  stadar i Sør-Norge for å orientere om prosjektet, deriblant Ølen. Hit har han og med seg gjester fra Kenya. Orienteringsmøtet blir på Kyrkjetunet i Ølen fredag 24.november.

Dette skrivet er ein invitasjon til å høyra meir om prosjektet. I tillegg legg me ved ein foldar som fortel litt om prosjektet og om korleis du eventuelt kan støtta det økonomisk.

Sjå faldar for prosjektet her: Barnelandsby A5 fadder og bygg landsbyen okt 2017