Alpha-kurs PÅMELDING

Publisert 26.09.2017 av John Birger Wold

Alpha-kurs Ølen / Vågen.

Det nærmar seg no oppstart på dette kurset som går over 10 kveldar (stort sett annakvar onsdag) og ei helg. Den 8. November er første kurskveld, men før det må du melda deg på! Det er fint om du kan gjera det innan 18. oktober slik at planlegginga kan fullførast.

Ein typisk kurskveld vil vera eit måltid, undervisning og song, gruppesamtalar. Og gruppene er dei same heile tida. Det er derfor det er viktig med påmelding slik at det er mulig å setja saman grupper. Du skal få bli kjent med dei i di gruppe og forhåpentleg vil det bli mange gode relasjonar ut av det. Det har i alle fall skjedd mange andre plasser.

I gruppa blir det samtale om det som har vore undervist i – og det er høve til å dela tvil og tru.
Den «røde tråden» gjennom heile kurset vil vera JESUS.

Kurset er for deg som trur og som vil noko meir, og det er for deg som tvilar og lurer på ein del ting, og det er for deg som endå ikkje trur , men er spørjande til noko – eller mykje – av det som har med kristendommen å gjera!

Uansett bakgrunn er du velkommen til å vera med.

Meld deg på til Helge Stautland, tlf 91 80 47 75.

Du kan også snakka med ein av desse:
John Birger Wold, tlf 98 28 68 13
Lars Dalen,  tlf 98 28 68 26
Berit Ølfarnes, tlf 90 73 37 88

Du kan finna meir informasjon på  heimesida til Alpha: http://alpha-kurs.no