Velkommen til Bibelkveld på Kyrkjetunet torsdag 20. februar kl, 19.30. Jens Olav Mæland, tidlegare sokneprest i Etne, er kveldens talar.
Jens Olav Mæland kjem tilbake på Kyrkjetunet også denne månaden. I januar starta han på ein gjennomgang av Apostelgjerningane. Då fekk me både historisk bakgrunnsstoff og vart utfordra på kva desse tekstane kan bety for oss i dag.
Denne gongen vert temaet mellom anna om første misjonsreise og vidare om korleis Paulus forsvarte trua si på torget i Athen. Kva kan desse skildringane frå Apostelgjerningane fortelja oss i vår tid? Mæland har kunnskaper om temaet som overgår dei fleste og han har ei særs god formidlingsevne. Denne kvelden på Kyrkjetunet bør du med andre ord få med deg.