Hausten 2015 blir det samlingar annakvar fredag kl 20:00.
Dette er husfellesskapet som har vore hos Liv Herborg og John Birger som har flytta til Kyrkjetunet.
Det er ei samling med vekt på lovprising og bønn og forbønn. Det vert ofte også deling og me plar ha nattverd.
Det er folk frå alle bygder, ulike menighetstilknytning, ulik alder, etc og me kan trygt kalla det «felleskap på tvers».
Me ynskjer dette skal vera ein «vokseplass», dvs at me ynskjer å hjelpa kvarandre i utvikling og kjennskap til Livet med Jesus.