«Den gode samtalen i kvardagen»

Publisert 06.11.2012 av admin

Onsdag  14. november  kl. 19.30 inviterer me til Kvinneforum på Kyrkjetunet. Tema for kvelden er  «Den gode samtalen i kvardagen»

Denne gongen har me fått med oss Sølvi Heimestøl. Ho er sjukepleiar av yrke og har dei siste åra jobba som koordinator på Lærings- og Meistringssenteret i Helse Fonna. Der har ho spesielt jobba opp mot familiar som treng ekstra hjelp og støtte når dei anten har fått eit lite barn med nedsett funksjonsevne eller det er familiar som har fått livet snudd opp ned p.g.a. at eit av barna har fått ein kronisk sjukdom.

Sølvi Heimestøl er opprinneleg frå Bømlo, men bur no i Sveio. På fritida er ho aktivt med som lovsangsleiar i Nordre Misjonsmenighet i Haugesund, så me gler oss til at ho også vil syngje til oss.

Denne dama har hatt mange foredrag om livsmeistring, og ho har uttalt følgjande i eit foredrag til foreldre som har fått barn med nedsett funksjonsevne «Vi vil hjelpe familiane til å meistre kvardagen på eiga hand. Det gjeld å bli sjef i  sitt eige liv». Dette kan vel  gjelde for oss alle.

Sølvi Heimestøl  har mykje erfaring i å samtale med personar i mange ulike livssituasjonar og ho seier at me treng å lære oss å kommunisere med kvarandre på ein god og tydeleg måte. Ho vil på denne kvelden lære oss noko om korleis me kan få til den gode samtalen i kvardagen. Sølvi Heimestøl er også klar og tydeleg i si kristne tru, og ho vil dele noko om det når ho skal avslutte kvelden med kveldstankar. Me har forstått at ho er ei dame med «hjarte på rette staden»! Ho brenn for at me alle må få nok livsinnsikt slik at me kan læra oss å kommunisere godt saman, uansett kva livssituasjon me er i.

Det blir også denne kvelden god tid til mat og prat.

Så ver varmt velkommen til Kvinneforum denne kvelden!

Inngangspengar: 150 kroner