Egil Svartdahl til Ølen kyrkje 20. oktober

Publisert 08.09.2021 av Helge Johan Stautland

Me prøvde å få Egil Svartdahl til Ølen kyrkje i fjor haust òg, men måtte setja alt på vent på grunn av smittesituasjonen. Men no prøver me frimodig igjen: 20. oktober kl 19 får Ølen kyrkje nemleg besøk av den kjende og kjære «TV-pastoren».

Svartdahl er eit kjent andlet frå mange fjernsynsprogram. Det siste halvanna året har han også fått mange følgjarar og sjåarar gjennom serien «Plussord» på Facebook. «Reisen hjem», der Svartdahl møtte kjende nordmenn, gjekk i fleire sesongar på fjernsyn for eit par år tilbake.

Overskrifta for samlinga i Ølen blir også «Reisen hjem», og Svartdahl kjem til å dela historier frå eit mangfaldig liv, frå reiser rundt om i landet vårt og frå personar han har møtt på vegen. Han fortel ærleg frå si eiga «reise» i sentrale spørsmål som har med kristen tru og tvil å gjera.

Det er Kyrkjetunet som står som arrangør for samlinga, og me gler oss til å høyra Svartdahl «live» i kyrkja. Me ønskjer at så mange som mogleg skal få vera med på ein kveld som dette. Set av denne kvelden i oktober, og ta del i livsvisdomen som Svartdahl villig og meisterleg formidlar til folket. Det vert også song og musikk av lokale krefter.

Frå november og utover blir det seks kurskveldar på Kyrkjetunet der Egil Svartdahl er med oss gjennom korte videoar. Hovudtemaet på kurset er «Velkommen hjem». Her inviterer Svartdahl oss inn i samtale om sentrale tema som tru, håp og frelse. Kurset er ope for alle. Kanskje lurer du på kven Jesus er og kva tru eigentleg er for noko? Det blir enkel servering, sosialt fellesskap og gruppesamtalar på desse seks samlingane.

Datoane for desse kurset er 3.11., 17.11., 1.12., 5.1., 19.1. og 2.2. Har du spørsmål eller ynskjer å melda deg på kurset? Ta kontakt med Glenn Terje Iddeland (95811512), Liv Herborg Wold (98885560) eller Helge Johan Stautland (91804775). Påmelding til 91804775 innan 27. oktober.