Kyrkjetunet er med å støtte NSP Aid sitt evangeliske arbeid på Kenya-kysten. Informasjon frå dette arbeidet følgjer her:
Det nyttar å forkynne evangeliet – også blant muslimar.
Det er i år 10 år sidan NSP Aid starta arbeidet på Kenya-kysten, – det vart også oppstarten av NSP Aid. Den lutherske kyrkja ba om hjelp til mange foreldrelause born som dei hadde tatt hand om. Det vart starten til Faraja Childrens Home. Etter kvart vart det også naturleg å støtte prestane og evangelistane i området. Dei fekk auka løn og det vart ordna med helseforsikring til alle. Om du ikkje har helseforsikring eller nokon som støttar deg, må du betale for lege-timar og sjukehus-opphald sjølv.
Vi starta først med berre nokre få evangelistar. Men arbeidet har vokse og kyrkja har behov for fleire evangelistar. Så i dag støttar vi 15 evangelistar, 2 prestar og frå april vil også biskopen i området få ein sum. Dette er til stor hjelp for dei.
For nokre år sidan var det 5 kyrkjer, no er det 15 i det området der evangelistane kjem ifrå. Det er eit geografisk stort område. Dei fortel at no er det ope for evangeliet. Nokre plassar har dei bygd ei enkel kyrkje, andre stadar møtest dei under eit tre.
Vi vil svært gjerne nå deg med ei varm takk for at du står med oss i dette arbeidet. Den støtta du gir, er til stor inspirajson for dei som tek imot den. Sjå også bilda under.
Mvh
Elisabeth Emblem, NSP Aid