Faraja Childrens Home 10 år

Publisert 23.03.2020 av Ove Eidsheim

NSP Aid sitt samarbeid med Faraja Childrens Home  er 10 år i år. Dette vart markert 29. februar. Ein stor festdag. Det er godt å sjå at DET NYTTAR å hjelpe.

Kyrkjetunet er med å støtte dette arbeidet. Frå NSP Aid har me fått dette brevet i samband med jubileet:

29. februar vart ein festdag. I storslått afrikansk stil fekk vi vere med å feire både at NSP Aid sitt samarbeid med Faraja er 10 år, og at vi kunne opne barnelandsbyen Malaika Villages, Faraja, som ligg vegg i vegg.
I 2010 møtte Gunnar Hamnøy og næringslivsleiarar frå Norge 20 born som budde i kummerlege forhold på ein misjonsstasjon som den luthersk kyrkja hadde overtatt. Hjartelaget for borna var stort, men det same var fattigdomen til dei som prøvde å hjelpe. Dette vart det første prosjektet til det som i dag heiter NSP Aid. Bustadhus til borna vart bygde eller pussa opp. Her kom kjøkken og matsal, kontorbygg med klasserom til leksehjelp og ekstra-undervisning. Det vart bora etter vatn og uteområdet stelt i stand. Ein god plass å vekse opp for dei borna og unge som har Faraja som base.
Det er alltid flott å møte borna og dei unge her. Dei eldste takka for all hjelp og alt som det å ha Faraja til heim har betydd for dei. Fathuma var ei dei som takka på vegne av dei som høyrer heime på barneheimen. Ho fortel at då far døydde og mor sat igjen med 7 born, vart nauda stor. Fathuma fekk flytte inn på Faraja og her fekk ho mat, kle, medisin og skulegang, I tillegg fekk ho oppleve mykje kjærleik og omsorg. No studerer ho og veit samtidig at Faraja og NSP Aid vil vere bak henne til ho kan stå på eigne bein. Totalt 54 born og unge bur eller har Faraja som base.
Faraja Childrens Home har også gode ringvirkningar i nærmiljøet. Mange får arbeid her, lokalbefolkninga får hente vatn, der er eit lite legekontor med labratorium og medisinutsal. NSP Aid har fått vore med og oppgradert den lokale skulen, som er den grunnskulen der borna går og som også har det beste resultatet i området. Den lutherske kyrkja ligg også på det same området som barneheimen og for borna på Faraja er det naturleg å vere med her.
Skulle ønske du kunne vere med å sjå og oppleve ein dag saman med borna og dei unge på Faraja. Då vil du oppleve at DET NYTTAR! Hjarteleg takk for at du er med og støttar barneheimen.
Det er også med spenning vi følgjer korona-viruset si utvikling i Kenya. Kjem det til kysten? Dei treng vår omsorg og ekstra midlar til smittevern-tiltak. Kunne du tenkje deg å hjelpe litt ekstra og å sende denne oppfordringa vidare?

Vipps: 117840 Bank: 1503 25 02277 Merk: korona.

Under finn du bileter av Faraja Childrens Home, Fathuma og av alle borna som no bur på barnehiemen og i barnelandsbyen.

 

 

 

 

 

 

 

Hjarteleg takk for at du støttar Faraja Childrens Home og gjer det mulig å skape ein god heim for borna som bur der.

Mvh
Elisabet Emblem, NSP Aid