Det har vore gjort godhet til alle tider. Som regel spontant, ved at nokon ser at andre treng hjelp og trør til. Det er fantastisk! Det er eit slikt samfunn me vil ha. Likevel er det ikkje alle som får den hjelpa som trengst.
Dette har Kyrkjetunet i Ølen tenkt å gjere noko med. Dei vil, i samarbeid med m.a. Vågen bedehus, arrangere ein
Godhetsdag laurdag 30.mai i Ølen og Ølensvåg.
Me har fått eit intervju med leiar for Godhetsdagen, Liv Herborg Wold.
Her forklarer ho kva dette er, og bakgrunnen for Godhetsdagen.
1) Korleis kom de på å lage til ein Godhetsdag i Ølen?
Me har høyrt at andre kyrkjelydar og forsamlingar har hatt godhetsdagar/veker som no er blitt organisert som som «Godhet Norge». Me har i fleire år snakka om at dette vil me vera med på, og i år har me endeleg kome så langt at me også vil prøva dette, saman med Vågen bedehus.
2) Kvifor akkurat i år?
Fordi me dette året har hatt Godhet som tema på alle Show it- familiesamlingane på Kyrkjetunet. Difor var me enige om at no måtte me ikkje berre snakke om det, men gjera det òg. Altså sette det ut i praksis.
3) Kva er det som får folk til å setje av ein arbeidslaurdag i mai til å hjelpe ukjende menneske, når folk som regel har meir enn nok med eige hus og hage?
Me vil dele og gje vidare noko av den godheten og kjærleiken som me har fått frå Gud, vår himmelske Far. Me vil ha Jesus som førebilete og om han står det i Bibelen at »Han gjekk omkring og gjorde vel». Det vil me og gjera ! Me trur det er bruk for ein slik godhetsdag i våre bygder også.
4) Kven er det som kan få hjelp denne dagen?
Me har valt å prioritere eldre og sjuke som treng litt hjelp til å ordne i hage eller rydde/vaske i huset.
5) Kva kan de hjelpe folk med?
Me kan gjera forefallende arbeid i hage og rydde i garasje, innomhus kan me hjelpe til med husvask eller andre sysler. Dei som mottek godhet får ikkje lov til å betale for det. Dette er gratis.
6) Kor kan folk henvende seg dersom dei har noko dei treng hjelp med?
Dei må ta kontakt med underteikna. På telefon eller på e-post. Folk kan og gje beskjed visst dei vil be om hjelp på vegne av andre som treng det. Når me har fått oversikt over folk som ønskjer hjelp, så prioriterer me ut frå dei folka som har meldt seg på til å hjelpe. Alle skal få beskjed om dei får hjelp eller om me ikkje har kapasitet til å hjelpe denne gongen. Me håper at me kan sei ja til mange, men det avhenger av kor mange som vil vera med å hjelpa.
7) Kven er det som kan vera med å hjelpe denne dagen, og korleis er opplegget?
Alle kan vera med å hjelpe til. Små som store. Me tenkjer at barna kan vera med å rydde i hagen, pusse sølvtøy eller andre små oppgåver. Opplegget blir slik: Folk melder seg på og dei får spørsmål om kva dei kan bidra med. Og om dei kan vera med heile dagen eller deler av dagen. Dei får tildelt oppdrag av oss i leiargruppa, og får beskjed om kor dei skal kjøre for å utføre oppdraget.
Me blir stasjonert på Kyrkjetunet. Folk møter der for å registrere seg og for å betale for å vera med og for å bli eigar av ei godhets T-skjorte. Det blir ein makspris for familiar. Så kjører folk gruppevis ut til dei som skal motta hjelp. Registreringa starter kl. 10.00 og me jobbar til ca kl. 16.00. Ei gruppe skal sørgje for at det blir kjørt ut mat og drikke til dei som jobbar. For «utan mat og drikke, duger heltene ikkje» ! Me trur at dette blir ein annleis og begivenhetsrik dag for alle som utøver godhet og for dei som mottek godhet.
8) Pris for å delta kr 200.- for vaksne. Kr. 100.- for barn Maks pris familiar: kr 500.-
Liv Herborg Wold, leiar i Godhet Ølen, gler seg til å sjå nestekjærleik i praksis laurdag 30.mai når Godhetsdagen vert arrangert i Ølen og Ølensvåg. Les meir på www.Kyrjetunet.no eller på facebooksidene til Kyrkjetunet og Vågen bedehus.
Mottoet vårt er: «Små ting gjort i kjærleik vil endre verda»
Og dette vil me vera med på!
Kontakt:
Liv Herborg Wold. Tlf 98 88 55 60
E-post: livhwold@gmail.com
Frist for påmelding: måndag den 18. mai