Sommaren nærmar seg slutten og før me veit ordet av det er det marknadstid. Håpar alle set av helga i veke 38, 20-21 september! Då vert det loppemarknad på laurdagen og komlemiddag på sundagen. Meir informasjon om dette kjem seinare.
Dersom me skal få til marknad treng me lopper! Har du noko du vil bli gi til loppemarknad eller auksjon?
Me står klar til å ta i mot, så ta kontakt med ein av oss:
Harald Heggen 917 61 637
Lars Dalen 98 28 68 26
Olav Granberg 53 76 86 86 / 952 17 818
Me tek ikkje i mot sko og klede. Ellers er alt av interesse 🙂