Me startar med samlingsfest søndag 4.September kl 1800.
Kyrkjetundagane dette året blir 17 og 18 September – og i år vert dei på Kyrkjetunet.
NB IKKJE på Ølen Vidaregåande skule som det har vore tidlegare.
18 – 23. Oktober får me besøk av evangelistane Martha og Edgar Paulsen. Dei har vore og hatt evangeliske aksjonar 2 gonger tidlegare, og me gled oss til å få besøk av dei igjen. Dei har tidlegare vore tilknytta Indremisjonen og andre org. No er dei «nye» pensjonistar og reiser no som «freelance» forkynnarar. Dei brenn fortsatt for å nå ut med evangeliet – noko dei gjer på ein god måte med Martha si gode og klåre forkynning og Edgar sin framifrå song. Edgar har spela inn fleire cd-ar og er også kjend for å syngja songar av Jim Reeves. Kanskje me denne gongen får ein Jim Reeves konsert? Me ynskjer velkommen til gode samlingar frå alle bygder!
Faste innslag vert også Bønne- og Lovsongskveldar ein gong i mnd. Dette er samlingar med vekt på lovsong og bønn / forbønn. Me deler også nattverd på desse samlingane. Her er folk frå mange bygder, ulik menighetstilknytning og ulik alder. Me kallar det då ofte «fellesskap på tvers».
Kvar torsdag ettermiddag frå 1730 – 1930 er det fast med samling for innvandrarar. Dette er samlingar der våre nye landsmenn er spesielt velkomne til sosialt samvær, leksehjelp og drøs. Dei vil lære meir av det norske språket og mange norske har funne det svært givande å vera med på. Her får me knyta kontaktar og kan få vera til hjelp. Det er berikande for både norske og innvandrarar. Me vi oppmoda alle som ynskjer det å ta ein tur innom.
Familiesamlingane Show it fortset som før, ein søndag i sept, ein i nov og ein i des. Dette er samlingar for heile storfamilien. Temaet dette semesteret er «Guds fulle rustning». Mykje musikk, bibelforteljingar og filmar med familien Byberg som me kjenner frå før.
Barnekoret «Kids of Joy» Kjem til å ha øvingar fredagar annakvar veke same dag som klubben, men ein time tidlegare.
Så vert det sjølvsagt «vanlege» møter av ulike organisasjoner, fellesforum, songkveldar etc. Me oppmodar om å fylgja med på kalenderen her på heimesida , plakatar og kunngjeringar på andre måtar. Av og til skjer det at det vert endringar i oppsett program, og nye ting kan koma til. Programmet kan difor verta endra.