Solveig og Torstein Haugen har ein «plantasje» med juletre type edelgran (Nordmannagran) bak «gamlehuset» deira på Heggjo i Ølen, adr Heggjavegen 36.
Her blir det frå Lørdag 12.12.2015 høve til å kunna få kutta sitt eige juletre. Kontakt Torstein på tlf 53 76 70 73, eller 955 51 655.Prisen blir som markedpris forøvrig.
Betaling blir til Kyrkjetunet sin konto 3535.68.81850.
Du får såleis gi ei støtte til Kyrkjetunet samtidig som du får ei fin oppleving ved å henta eige tre «på rot».
Ta med barna og la dei få ei fin oppleving.
Me takkar Solveig og Torstein for at dei også på denne måten støttar Kyrkjetunet!