Kvinneforum

Publisert 24.09.2012 av admin

Onsdag 26. september klokka 19.30 inviterer me til Kvinneforum på Kyrkjetunet.

Lyla Claire Granberg

Kvinneforum får denne kvelden besøk av to systrer frå Filippinane. Dei bur begge i vårt nærområde, Lyla Granberg bur på Bjoa og kom til Noreg for 12 år sidan. Og som ho seier: Ho gifta seg med ein Viking frå landet med midnattsol langt mot Nord og opplever no at heime ikkje lenger er der ho sjølv vart fødd, men her som hennar to barn er fødde. Livet i Noreg har ikkje vore «ein dans på roser». -Det har vore mange utfordringar, men eg har klart meg gjennom alt, seier ho. Historia hennar skal de få høyra meir frå på onsdag på Kyrkjetunet.

Systera til Lyla heiter Roxanne Iddeland og bur i Ølensvåg. Ho kom til Noreg for 10 år sidan og har tidlegare budd i Bergen. Hennar historie er litt annleis, men felles for dei begge to er at dei har følgt draumen sin, flytta til vårt land og busett seg her i dette landet som mennene deira er frå. Begge to uttrykker glede over å få bu i Noreg.

Roxanne Iddeland

Tema for kvelden «Å følgje draumen sin». Me gler oss til å få besøk av desse to kreative systrene som vil dele frå sitt liv og som er med å berike våre fellesskap både for dei personane dei er og fordi dei har med seg så mykje spennande frå sin kultur der dei vaks opp.

Kvinneforum er eit forum for kvinner i Etne  og Vindafjord med sosialt fellesskap og god mat!

Inngangspengar: 200 kroner.