I sommar var Kari og Anne Line Granberg på tur til Madagaskar saman med ei gruppe frå Vindafjord, – også denne gongen i regi av Sigrunn og Martin Ivar Arnesen. Måndag 29. oktober klokka 19.30 vil dei i samarbeid med NMS mannsforeining ha ein Madagaskar-kveld på Kyrkjetunet, kor dei vil formidle sine opplevingar frå turen i film, ord og bilete. Det blir òg andakt, enkel bevertning og gratislotteri, – det meste i gassisk «ånd».
I ein «bydel» i Ihosy (byen kor Sigrunn og Martin Ivar var misjonærar) har det stått ei kyrkje i 3 år utan tak. Dei har nå gudsteneste/samlingar i ein skule, og det er upraktisk for begge partar. Kyrkjelyden i bydelen har taket liggande, men ikkje midlar til å få det på. Denne kvelden kan du få vera med å gi kollekt slik at kyrkjelyden i Ihosy kan få «tak øve håve».
Du er hjarteleg velkommen!