Manns – og kvinneforum 14. mars

Publisert 10.03.2013 av admin

Velkommen til fellesforum på Kyrkjetunet i Ølen 14. mars klokka 19.00.

Kåsør denne kvelden er pressemannen Ragnar Larsen, som vil vera kjend for dei fleste frå tida hans som redaktør i Haugesunds Avis.   Han vil gi forsamlinga glimt frå eit spennande liv:  Det starta med ein vanskeleg barndom med oppvekst i fosterheim.  Som vaksen fekk han variert yrkes- og livserfaring gjennom arbeidet som journalist, politikar, banksjef og redaktør m.m.. I dag driv han sitt eige firma som skribent og kåsør.

Den raude tråden i kåseriet hans er at ein kan driva det langt utan særleg utdanning.

I tillegg vil «Ølen Munn og Spel» gleda forsamlinga med frisk musikk. Og som vanleg vert det matøkt, andakt og song.

Me håpar at mange kvinner og menn finn vegen til «Kyrkjetunet» denne kvelden!