Velkommen til Mannsforum på Kyrkjetunet i Ølen torsdag 4. oktober klokka 19.00.
Denne kvelden kåserer Sverre Urdal frå Ølen om temaet «Mitt liv på sjøen».
Sverre Urdal drog til sjøs i 1954. Og etter 20 år som telegrafist, som kapteinens sekretær og som skipets kontoradministrator på dei mange hav, har han mykje spennande å fortelja.
På programmet elles står song og musikk, matøkt og drøs, og andakt og kollekt.
Me håper mange mannfolk finn vegen til Kyrkjetunet denne kvelden!
Arrangør: NMS mannsforening