Den 9.-12. april kjem Martha og Edgar Paulsen til Kyrkjetunet. Ekteparet har besøkt Ølen mange gonger, og er kjente og kjære for mange. Dei har reist som evangelistar sidan byrjinga av 90-talet, både for Indre Sjømannsmisjon og Indremisjonsforbundet. Det blir mykje song og musikk på møta, som startar kl 19.30 kvar kveld.