Vedtekter for Kyrkjetunet

Publisert 12.03.2012 av Karl Erik Granberg

Vedtekter for stiftinga ”Kyrkjetunet” i Ølen, organisasjonsnr. 975382729.

§1 ”Kyrkjetunet” er ei stifting med føremål å byggja, eiga og forvalta kyrkjelydshuset, gnr. 290 parsell av bnr. 189 til bruk for Ølen Kyrkjelyd og som bedehus for Ølen. Medlemmer i stiftinga er personar som har betalt medlemsavgift.

§2 ”Kyrkjetunet” skal drivast på Den Norske Kyrkja sin grunn, slik dette kjem til uttrykk i den evangelisk-lutherske læra. Møte i huset skal ikkje arrangerast samstundes med gudsteneste i kyrkja.

§3 Føremålet med huset er å fremja Guds rike. Huset skal primært nyttast til oppbyggjelege møte, misjonsarbeid, foreiningar, barne- og ungdomsarbeid og anna kristeleg verksemd.

§4 Huset kan nyttast til all lovleg verksemd som ikkje er i strid med den evangelisk-lutherske lære. Politisk verksemd skal ikkje finne stad. Nyting av rusgifter er forbode i og utanfor huset.

§5 Stiftinga sin grunnkapital er 100 000 kr. Overskot på drifta av eigedomen kan berre nyttast til stiftinga sitt føremål.

§6 Styret er stiftinga sitt øvste organ og blir valt av årsmøte.

§7 Årsmøte vel 4 – 6 medlemmer og 2 varamedlemmer til styret. 1. varamedlem får innkalling til styremøta. Styremedlemmer og varamedlemmer må ha fylt 18 år, vera medlemmer av stiftinga og vera vedkjennande kristne. Årsmøte vel leiar. Styret vel sjølv kvart år nestleiar, kasserar og sekretær. Kvart styremedlem vert valt for 2 år om gongen. Første året går 2 medlemmer ut etter loddtrekning. Ingen kan sitja meir enn 6 år samanhengande i styret. Årsmøte vel revisor. Årsmøte vel ei valnemnd på 2 – 3 medlemmer. Valnemnda skal kome med forslag til kandidatar til styreverv. Ølen sokneråd vel 1 medlem til styret med personleg varamedlem. Denne har møte og uttalerett. Årsmøte uttalar seg om årsmelding og revidert rekneskap. Årsmøte føreslår medlemskontingenten. Årsmøte fører tilsyn med stiftinga si verksemd og kan om nødvendig vedta gransking av styret. Vidare kan årsmøte koma med framlegg til saker som styret skal handsama. Årsmøte skal kunngjerast minst 2 veker på førehand. Røysterett på årsmøte har medlemmer som har fylt 16 år og betalt den årlege medlemskontingenten. Ordinære årsmøte skal haldast innan utgangen av februar månad.

§8 Styret er stiftinga sin rettslege representant. Det har ansvar for den totale verksemda på huset og forvaltar eiga til stiftinga.

Dette er styret si oppgåve:

Styret koordinerer bruken av huset og ser til at møte/tilstellingar vert arrangert i samsvar med vedtektene. I samarbeid med Fellesutvalet, representantar for organisasjonane, Ølen sokneråd og andre faste brukarar set styret opp gode planar for møteopplegget kvart halvår (tidfestingar av møte, framlegg til tema med meir). Styret tek initiativ til og har ansvar for at det er regelmessig åndeleg verksemd på huset. Styret står for utleige av huset og syt for godt vedlikehald og ansvarleg økonomisk drift. Styret vedtek årsmelding, rekneskap og budsjett og legg det fram for årsmøte.

Styret er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemmene er til stades. Styret kan oppnemne utval og delegere fullmakt til styremedlemmer og utval.

§9 Vedtaksmynde vedrørande endringar i vedtektene ligg til årsmøte. jamfør stiftelseslova §36, 3. ledd. Endring i desse vedtektene kan etter forslag frå styret gjerast på årsmøte med 2/3 fleirtal av frammøtte medlemmer med likt vedtak på 2 etterfølgjande ordinære årsmøte. Styret må leggja fram sitt forslag til endring minst 3 månader på førehand. Paragrafane 2 og 3 kan ikkje endrast. Endringar i vedtektene skal godkjennast av Stiftelsestilsynet.

Ølen, 29.09.08

Liv Herborg Wold
Leiar i stiftingsstyret.