Opningshelg på Kyrkjetunet

Publisert 29.08.2012 av admin

Helga 31. august til 2. september inviterer me til opningshelg på Kyrkjetunet. Denne helga er det mykje å sjå fram til.

 

Klubb og Kids of Joy

Fredag den 31. august startar me opp med klubb og koret Kids of Joy. (Dette blir frå nå av fast annankvar fredag).

For barn frå 4-årsalder til og med 3. klasse er det kor frå klokka 17.00-18.00. Frå klokka 18.00 til 19.30 er det både kor/dans/drama for 4. klasse og oppover og klubbstart for 5. klasse og oppover. På Klubben blir det ulike grupper med aktivitetar heile kvelden. Det blir forming, speling, utegruppe og kor/dans/drama. Me avsluttar med andakt, og kiosken er open med sal av mat og drikke.

 

Familiesamling

Laurdag 1. september klokka 16.00 inviterer me til F16 Familiesamling med drama, song og musikk. Samlinga blir avslutta med varm kveldsmat.

 

Semesterfest

Me avsluttar helga søndag 2. september klokka 19.00 med semesterfest på Kyrkjetunet. Denne kvelden er det Oddvar Søvik (bildet)  som er talar, og han vil snakka om temaet «Bønn framfor alt». Søvik har vore områdeleiar i Normisjon Agder sidan 2006. Han har tidlegare arbeidd som skulelagsprest, vore landsungdomssekretær i Indremisjonsselskapet og vore pastor i Frikyrkja i Kristiansand og på Bryne.

På programmet elles står song av koret «Kontakt» frå Misjonskyrkja i Haugesund, mat og god tid til prat.

 

Velkommen!