Den kjende evangelisten Steinar Harila kjem til Ølen og har møter på Kyrkjetunet i tida 26.-29. september 2019. Harila er reiseevangelist, men er kanskje mest kjend for det omfattande hjelpearbeidet han driv i Russland, saman med medarbeidarane sine. Harila har eit sterkt pågangsmot til forkynning av evangeliet og er ein dugande organisator. Han har stått for hjelpearbeid i Russland sidan år 2000 og har renovert fengsel, bygd opp barneheim, barneby, landbruksskule, evangeliesenter, mm. Det er mange fattige og naudlidande i området rundt Vyborg og St. Petersburg, der han har konsentrert arbeidet sitt.
På reisene som han arrangerer til Russland, i alle høve to gonger i året, har det vore ein stor buss med deltakarar, og dessutan ein trailer med matvarer og utstyr. Det kan også nemnast at Harila arrangerer gruppereiser til Israel.
Du finn meir informasjon på hjelpearbeidets nettsider. Det blir kollekt på møta, og denne går til arbeidet i Russland. Vel møtt!