Det vert 3 temasamlingar i haust – med hovedtema: «Levande Kristustru» – som er første setningen i visjonen vår.
Det er eit ynskje om å ha gruppesamlingar mellom hovedsamlingane, og me oppmodar folk til å ta kontakt med Liv Herborg eller John Birger Wold for påmelding til grupper. Eksisterande grupper må gjerne vera med om dei ynskjer det.
Torsdag 3. September kjem Jens Ottar Theisen (evangelist frå Bergen) og skal ha tema: «Kristi radikale kjærlighet til folket».
Tirsdag, onsdag og torsdag 20. – 22. Oktober kjem Olav Eikemo og har 3 samanhengande kveldar. Tema er litt usikkert pr. dato, men kan bli «Nådegavene i funksjon».
Torsdag 12. November kjem Jens Ottar Theisen tilbake og har tema: «Kristi inderlige medfølelse med folket.»