På Kyrkjetunet har me nokre år no hatt gruppesamlingar med eit enkelt måltid, undervisning og samtale i grupper. Denne hausten har me tankar om å bruka eit studieopplegg knytt til TV-serien «The Chosen». Opplegget på samlingane blir omtrent som tidlegare, men i staden for undervisning ser me saman ein film-episode før me går til den gruppa me høyrer til i.
Sesong 1 som me vil sjå av serien «The Chosen» har 8 episodar, og innhaldet kan kort oppsummerast slik: Me møter Jesus i starten av si tre år lange teneste, og me får bli godt kjent med menneska rundt Jesus. Me får sjå korleis livet den gong kunne ha vore både i sorg og glede. Dei levde under romarane si okkupasjonsmakt, dei religiøse leiarane hadde stor makt, og «vanlege» folk streva med å få endane til å møtast. Me får sjå korleis Jesus etter kvart kjem «på banen» med talar, undergjerningar og utfriingar. Korleis han kallar disiplar, og at folka han kalla var heilt vanlege menneske med sine kvardagslege utfordringar, forskjellige både som menneske og med sosial status. Alt saman er bygd på evangelia i Bibelen, men produsenten er tydeleg på at dette IKKJE er Bibelen, men at det kan ha vore slik. Det kan utfordra våre eigne oppfatningar av korleis det var, og me kan ut frå det få gode samtalar i gruppa rundt dette. Me blir også utfordra til korleis dette kan ha betydning for oss / meg sjølv i dagens samfunn. Skodespelarane snakkar engelsk, men det er teksta til norsk.
Samlingane kjem til å starta opp onsdag 19. oktober med samling annakvar onsdag. Det blir fire samlingar før jul, og fireetter jul. Samlingane blir frå kl 19:00 til ca. 21:30 Gruppene blir dei same kvar gong, og for at det skal kunna bli eit godt fellesskap i gruppa vert det påmelding til opplegget.
Påmelding skjer til Jan-Børge Landro på SMS tlf 93 400 012. (husk å skriva navn på den du melder på!) Frist: 1. oktober.
Andre komitémedlemmar: Glenn Terje Iddeland, Liv Herborg Wold, John Birger Wold, Lillian Eikeland, Marianne Lunde. Nærare opplysningar kan du få hos Liv Herborg Wold tlf 98885560, John Birger Wold tlf 98286813.