«Velkommen hjem»

Publisert 19.11.2020 av Bård Oliver Gjellestad

Kurset «velkommen Hjem» vert utsett til april / mai 2021. Oppstart 7.april. Dei 6 samlingane blir sannsynlegvis kvar Onsdag fram tom 19.mai med unnatak av 12.mai.

Innhald som før annonsert.

Nærare info om påmelding kjem seinare.

Om «Velkommen hjem»

Egil Svartdal, «TV-Pastoren» og forkynnaren, har laga et nettbasert kurs der han inviterer oss vanlege menneske inn i samtale om tru og tvil. I 6 videoar deler han si historie om korleis han gjekk frå å vera ein «skap-kristen» til å bli ein frimodig pastor på TV. Han tar opp sentrale ord som tru, håp og frelse.

Dette kurset er så spennande at me på Kyrkjetunet i Ølen vil arrangera samlingar der me går gjennom desse 6 tema, som er: 1) Min historie, 2) Hva er tro?, 3) Hvorfor har vi hjemlengsel?, 4) Finnes det håp?, 5) Hva er frelse?, 6) Velsignelsen.

Kurset er for åpent for alle. Kanskje du lurer på «Kva vil det sei å tru på Jesus Kristus?». Eller «Er Jesus den einaste vegen til himmelen?» Eller om du har andre spørsmål om tru og tvil som du vil snakka med andre om. I gruppesamtalane etter videoen med Egil Svartdal, så er me opne for å snakka om det som du lurer på i.f.m. kristen tru.

Sjølv om du aldri har vore innom på Kyrkjetunet er du hjarteleg velkommen. Kvelden vil innehalda eit enkelt måltid, ein video med Egil og samtale i faste grupper.