Velkommen til jubileumsveka

Publisert 13.04.2012 av admin

Kyrkjetunet er 10 år, og det markerer me med ei jubileumsveke. Frå fredag 13. april til og med søndag 22. april er det mykje å gle seg til.

På møtene den fyrste helga deltek Gunnar Hamnøy frå Skodje på Sunnmøre. Han er forkynnar, forfattar og politikar, og arbeider med u-landsprosjekt for NLM. Hamnøy blir òg med på jubileumsfesten laurdag kveld, der også prolog av Ole Agnar Aadland, song av FLYT, historisk film og servering står på programmet.

 

I siste del av jubileumsveka blir det fleire møte ved songevangelistane Martha og Edgar Paulsen frå Melhus i Sør-Trøndelag.

Torsdag kveld blir det Kvinne-/Mannsforum der NRK-programleiar John Skien snakkar om «Mitt liv som mediamann».

Fredag kveld held Voice of Joy frå Karmøy konsert i Ølen kyrkje, laurdag er det familiesamling/SHOW IT og søndag blir jubileumsveka avslutta med gudsteneste i Ølen kyrkje.

 

Meir informasjon om arrangementa finn du på framsida.