Velkommen til Kyrkjetundagar

Publisert 19.09.2012 av admin

Til helga, 22. og 23. september, ønskjer me velkommen til Kyrkjetundagane for 18. år på rad.

 

Laurdag startar med loppemarknad på Ølen vidaregåande skule klokka 10.00. I år er det fleire godbitar enn på lenge. Du vil finna alt frå gamle, antikke ting til meir nymotens pynte- og nyttegjenstandar, og noko kjem heilt klart inn under begrepet: «kjekt å ha».

Det blir òg sal av diverse matvarer som laks, frukt, saft, lefse og anna heimebakst. Klokka 13.00 er det tid for god, gammaldags auksjon, der dei mest verdfulle og antikke loppene vert auksjonerte bort. Det vil vera kafe heile dagen der du kan få kjøpt graut og kaffimat m.m. Klokka 11.45 syng barnekoret «Kids of Joy».

 

Søndag er det samling på Kyrkjetunet med komlemiddag og møte (F-16) etterpå. Billettar til komlemiddagen kan kjøpast laurdag eller søndag.

 

Lars Dalen og Anne Line Granberg med nokre av auksjonsvarene.

Bortimot 50 frivillige er aktive på sjølve marknaden og i tillegg vert det lagt ned mange dagsverk i planlegging, tillaging, henting av marknadsvarer og anna som må gjerast på førehand. Desse dagane er ei viktig inntektskjelde for drifta av Kyrkjetunet. Sal av lopper, mat, og lotteri denne helga kan gi ei nettoinntekt for Kyrkjetunet på over 100.000 kroner.