Kyrkjetundagane 2015 Laurdag 19. og søndag 20. september

Publisert 11.09.2015 av John Birger Wold

Det er snart tid for Kyrkjetundagane. I år vert dei arrangert for 21. gongen, og me er både spente og forventningsfulle framfor arrangementet dette året.

Det vert ikkje loppemarknad i år. Dette på grunn av at det no er opna bruktbutikk i Ølen.

Butikken vert driven i samarbeid mellom Ølen idrettslag og Kyrkjetunet. For Kyrkjetunet har drifta av butikken gjeve ei god inntekt.

Korleis vert kyrkjetunsdagane 2015 då?

I år satsar me på «Haustens grøde» og «gamle tradisjonar».
Det vert sal av frukt og grønt, kjøtt og fisk, kaker og brød osv.
Det vert demonstrasjonar av gamle tradisjonar som baking, karding, spinning og trearbeid.
For borna vert det tombola, lego, forteljingar og film. Det vert også forteljing for vaksne. Altså noko for ein kvar smak.

Som nemnt knyter det seg stor spenning til arrangementet i år sidan me skal gjere ting annleis enn tidlegare. Me er avhengige av at folk støttar opp om arrangementet både med oppmøte og med å reklamere for marknaden for fjern og nær. Dette er eit felles løft, og me er svært takksame for alle som er positive til innsats. Me satsar nok ein gong på to vellykka dagar i september.

På søndag vert det komlemiddag på Kyrkjetunet etter gudstenesta. Bilettar kan kjøpast på laurdagen eller søndagen.

Som tidlegare treng me også denne gongen hjelp til ulike oppgåver. Det meste rundt sjølve avviklinga er under kontroll, men me treng særleg hjelp til å skaffa salsvarer.

Me er særleg interessert i:

Du treng ikkje ha store mengder for at det skal være interessant. Alle monner drar. Har du salsvarer? Ta kontakt med:

Johanne Eskeland 476 58 548

Solveig Alvseike 906 55 903

Olav Osaland 944 32 632

På førehand takk!

 

Me startar praktisk tillaging fredag 19.september, kl. 16.30, på Ølen vidaregåande skule. I ryddearbeidet laurdag treng me også frivillige krefter. Det er oppgåver for alle! Ta gjerne med personar som ikkje står på arbeidslista!

Programmet kjem i Grannar, Haugesund Avis og ved oppslag.

Me ser fram til å møte deg på kyrkjetunsdagane!

 

Ølen 9. september 2015.

Med helsing marknadsnemnda for Kyrkjetunet 2015:

Geir Helge Osaland, Olav Osaland, Solveig Alvseike, Trond Ove Alvseike, Johannes Langhelle og Johanne Eskeland