Me kan forsiktig begynne å bruke Kyrkjetunet igjen!

Publisert 14.05.2020 av Bård Oliver Gjellestad

Me byrjar å ha litt aktivitet på Kytkjetunet igjen etter ein Korona-pause.

Men der er viktig for styret å minna om at det er eit stort ansvar i desse tidene å arrangera samlingar og me må derfor sikra oss at dette går føre seg på ein trygg og god måte med tanke på smittevern. Derfor har me laga nokon retningslinjer for arrangementa.

Hovudpunkta er:
-Sjuke personar skal ikkje delta på møte
-Me kan ikkje samlast meir enn 50 personar
-Me må ha god hygiene
-Me skal halda god avstand til kvarandre (minst 1 meter)
-Deltakarane på møte vil bli registrert med namn og telefonnr.
Sjå retningslingjene her for meir utfyllande informasjon.

Me håpar dette skal gå bra og ser fram til å starte opp igjen!