Fredag og laurdag er det misjon som er hovudfokus på Kyrkjetunet. I den travle kvardagen vår er det viktig at me løftar blikket litt og ser utanfor våre daglege gjeremål. Det er lett å verta så opptatt av eigne ting at me ikkje registrerar det som skjer rundt oss enten det er i lokalmiljøet eller i fjernare strok. Kyrkjetunet har denne helga lyst til å minna om ansvaret me kristne har for vår neste – enten vedkomande er nær eller langt borte.
Til møta får me besøk av Inger Lise og Ommund Tveit frå Bygland og Ingrid og Olav Helland frå Åsane. Begge ektepara har eit sterkt engasjement for misjon og har nyleg vore på barneheimen i Faraja i Wema (sør for Mombasa) i Kenya. Dette er barneheimen som Kyrkjetunet har vore med å finansiert ei oppgradering av internata og å sikra vassforsyninga på. Med relativt små midlar har kvardagen i barneheimen vorte betre. På møta vert det informasjon om barneheimen og arbeidet der.
I tillegg til å orientera om barneheimen og arbeidet der, vil det verta delt tankar om å vera misjonær i inn- og utland. Me treng å verta meir bevisst på at misjon også forpliktar til konkrete handlingar – enten me snakkar om næraste nabo eller folk langt borte.
Tidspunkt: Fredag 15. mars kl 19.30 og laurdag 16. mars kl 11.00 og 13.00.
På laurdag vert det ei matøkt mellom møta.
Det blir òg kollekt.
Velkommen!