Møte med biskop Bakari Kea

Publisert 03.06.2012 av admin

Merk av onsdag 4. juli i kalenderen. Denne kvelden kjem den kenyanske, lutherske biskopen Bakari Kea og kona Sophia Wazome til Kyrkjetunet. Bakari Kea er oppvaksen på kysten av Kenya og høyrer til den lokale folkegruppa Digo. Hans bakgrunn er islam, men som ung vart han ein kristen og har arbeidd i kyrkja på Wema utanfor Mombasa som evangelist og prest. For eitt år sidan vart han valt til biskop for ELCK (Evangelical Lutheran Church in Kenya), og han bur nå i Nairobi, hovudstaden i Kenya. Biskopen ønsker å møta forsamlinga og folket i Ølens-området.

Kyrkjetunet har nyleg valt nytt misjonsprosjekt der me støttar prosjekt i regi av kyrkja på Wema. Barneheimen Faraja Childrens Home er ein del av dette prosjektet. Her bur 22 foreldrelause born, og me har alt støtta eit prosjekt som går ut på sikra brønnen for barneheimen, og eit hus til vaktmannen som skal bu ved sida av brønnhuset.

Faraja Childrens Home får støtte til drift frå ein liten organisasjon i Noreg, North South Partnership Aid, der Gunnar Hamnøy er dagleg leiar. På samlinga denne kvelden vil han visa bilder frå barneheimen. Med på møtet blir også misjonærane Helga og Arnfinn Røyland som har budd på Wema der dei arbeidde for Norsk Luthersk Misjonssamband.

Bakari Kea saman med eit av barna frå barneheimen.

Bakari Kea saman med eit av barna frå barneheimen.