På temasamlinga på Kyrkjetunet 5. mars kl. 19.00 vil presten og forfattaren Geir Gundersen ta utgangspunkt i si eiga bok Mi sorg er lys. Gjennom boka skreiv han fram ei sorg som enno levde og brann medan orda tok form. Dette er ikkje ei bok skriven i etterpåklokskap eller på trygg avstand frå det smertefulle. Ho vart skriven midt i sorgprosessen – frå den sørgjande mannen sitt perspektiv. Han ville setja ord på det som skjer i eit menneske når livet brått blir annleis. Teksten ber preg av å vere både personleg og allmenn på same tid.
Gjennom føredrag og samtalar møter forfattaren menneske som kjenner att si eiga historie i det han deler. – Inga sorg er lik. Men ordet sorg bind alle sørgjande saman. Vi har smakt noko av den same røyndomen, seier han.
Sorga han skriv om, handlar ikkje berre om sjukdom og død. Ho rommar òg andre tap – arbeid som forsvinn, fellesskap som brast, draumar som vart knuste. Når han står framfor ei forsamling, veit han at mange ber på djupe erfaringar av tap.
Geir Gundersen er kjend etter meir enn 40 år som andaktshaldar i NRK.
Velkommen på temasamlinga der og KM-karane deltek med song.