Barne- og familiebasar 1. nov.

Publisert 24.10.2019 av Ove Eidsheim

Fredag 1.nov. kl 18 blir det igjen «Barne- og familiebasar» på Kyrkjetunet i Ølen.

Det er kvinneforeninga NMS som arrangerer, og me har invitert Aud Hersvik Gya frå Sauda til å halde andakt.

Vindafjord Soul Kids skal syngje. Elles blir det åresal, sal av lodd på bok, gratislotteri og mat.

Me ynskjer heile storfamilien velkommen!