Loppemarknad – restesal

Publisert 19.11.2012 av admin

Det er alt gått 2 månader sidan Kyrkjetundagane. I år var det mykje lopper og salet var godt. Totalt vart det omsett for omlag 100.000 kroner  utanom lotteriet. Eit flott resultat der alle i arrangementskomiteen fortener ei stor takk.

Sjølv om det vart selt rekordmykje på loppemarknaden i september, har me att ganske mange fine ting. Desse vil me prøva å ha eit restesal på tysdag 27. november. Gode kjøp kan då gjerast i veksthuset til Lars Dalen der loppene vil vera utstillt. I tillegg til lopper vil det i alle fall verta litt kaffi, saft og vafler å bita i. Marknaden startar kl 18.00 og varer til omlag kl 20.00.