Songkveld med lovsangar

Publisert 03.10.2015 av John Birger Wold

Torsdag 15.oktober kjem Anne Lise Brekke Lien og Jacek (Ein polsk pianist) og ledar oss gjennom mange flotte lovsangar. Dei hadde ein slik kveld i kyrkja på Bjoa – og den vart svært vellukka – og no får me også gleda av å ha dei i Ølen.

Det blir heilnorsk songkveld der alle tekstane blir vist på veggen slik at me alle kan vera med å syngja. Anne Lise B. Lien er forsongar og Jacek er pianist.
Jacek er ein dugande pianist og er her i landet i ei kortare tid. Anne lise vart kjend med han i Drammen, og har invitert han med til å bu hos dei på garden på Bjoa.

Det kan vera vel verdt å få med seg denne kvelden for alle som likar god song og god musikk, og som likar å prisa Herren med lovsongar.

Hjarteleg velkomne !