«USA på tvers med bubil»

Publisert 08.03.2014 av admin

Kåsør denne kvelden er Oddvar Opstvedt frå Ølensvåg.  Han vil fortelja med ord og bilete ut frå temaet «USA på tvers med bubil».  Der var i april 2013 Oddvar og kona la ut på ei 5500 km lang reise i bubil frå Fort Wayne Indiana, sørover til

Nashville Tennessee, vestover via Memphis, Oklahoma, sørover til Las Cruse New Mexico, nordover til Corners ( der 4 statar møtest), vidare til Grand Canyon,  Las Vegas.  Turen gjekk gjennom by og land i all slags ver, også på den legendariske Route 66.  Med andre ord:  Me kan venta oss interessant kulturformidling og turistinformasjon from «over there»…

I tillegg vil ein musikar frå Bjoa, Kjell Ivar Iddeland, gleda forsamlinga med frisk trekkspelmusikk.  Og som vanleg vert det matøkt, andakt, kollekt og song.

Me håpar at mange kvinner og menn finn vegen til «Kyrkjetunet» denne kvelden!