Velkommen til nyttårsfest!

Publisert 02.01.2013 av admin

Tradisjonen tru vert det nyttårsfest på Kyrkjetunet første søndag etter nyttår. I år er det Jon Ådnøy som er med oss som talar. Han fungerer som vikarprest i Vindafjord for tida og har òg vore journalist i Haugesunds Avis i ei årrekkje. I tillegg til Ådnøy er det andre som skal bidra med musikkinnslag og andre programinnslag. Me vonar det skal verta noko for heile familien. Sjølvsagt vert det og tid til ei matøkt og ein god prat.

Me håper me ser deg søndag 6. januar klokka 18.00 på Kyrkjetunet!